Føremålet med turen var å lære meir om prosjektet og å få eit betre innblikk i situasjonen medlemmene av prosjektet finn seg i. Me starta difor turen med å kjøre direkte frå flyplassen i Dar Es Salaam til byen Korogwe, for å besøkje forskjellige VICOBA-grupper.  Det var svært spanande å få besøkje VICOBA-gruppene, fordi det gav oss eit betre innblikk i korleis gruppene fungerer, korleis dei er sett saman og korleis møta deira fungerer. Det var også givande og lærerikt å kunne sjå med eigne auge korleis prosjektet vårt hjelper, gjennom å få høyre historier frå medlemmene sjølve. I ei av gruppene me besøkte hadde alle medlemmene, som alle var kvinner, gått saman og starta ein batikkstoff-bedrift. Dei produserte både stoffstykke og skreddarsydde klede. Nokre av kvinnene hadde eigne prosjekt samstundes som dei var med i fellesbedrifta. Her fekk me verkeleg sjå korleis VICOBA-gruppene ikkje berre er ein måte for folk å enklare få tatt opp lån, men også ein viktig arena for å stifte ein fellesskap og for å utvide kontaktnettverket sitt. Medlemmene kan utveksle erfaringar og tankar som dei kanskje ikkje hadde vorte presentert for om dei ikkje hadde vore medlem i ei VICOBA-gruppe.

 

I Korogwe fekk me også besøkje ei PETS-gruppe. Gruppa me besøkte var nokså fersk, og var i gong med si fyrste sak. Me møtte gruppa på ein barneskule, og nett denne barneskulen var grunnlaget for saka deira. Myndigheitene hadde sett av ein viss sum pengar til å restaurere nokre klasserom der det hadde kome tydelege sprekkar gjennom veggane, frå taket til golvet. Dette vart ikkje gjort, og PETS-gruppa ville difor finne ut kva dei avsette midlane hadde gått til. Det var inspirerande og lærerikt å få vere med på møtet deira, og me følte verkeleg på engasjementet og drivkrafta i gruppa.

 

Etter nokre dagar i Korogwe gjekk turen til landsbyen Lushoto. Det er her kontoret til Youth Peace Makers er, og det er her heile prosjektet starta. Me fekk ei omvising på YPM-kontoret der me møtte Silje, ein student frå Trondheim som arbeida frivillig på kontoret som ein del av masterutdanninga. I Lushoto var me også så heldige at me fekk bu hjå våre eigne vertsfamiliar i ei natt. Kåra var varierande, men svært låge i forhold til slik me budde elles på turen. Opphaldet i vertsfamiliane gjorde store inntrykk, og det sette verkeleg ting i perspektiv. Me hjelpte til i husstanden ved å lage mat, hente dyrefôr, mate dyra, hente vatn osv. Sjølv om kommunikasjonen ikkje alltid var like enkel, følte me oss alle veldig velkomne og trygge. Alle familiane var utruleg imøtekomande og kjærlige, og sjølv om dei har lite, er dei villige til å gi deg alt. Det var ei sterk og lærerik oppleving som me alle fire kjem til å ta med oss vidare.

 

Etter intense dagar i Korogwe og Lushoto med mykje arbeid og sterke inntrykk, var det tid for å vinkle turen vår litt meir mot ein ferie. Etter ca. 10 timar i bil, kom me endeleg fram til Mikumi nasjonalpark der ein heftig safari stod for tur. Det var utruleg kjekt å få sjå dyra springe og leve livet, og eg trur alle kjente på at det var godt å få vere litt turist. Etter safarien vende med nasen mot Dar Es Salaam der me var dei aller siste dagane. Me drog ut på ei øy for å bade og sole oss og slappe av og gjere ingenting. Det trengtes. Dei siste timane vart brukt på shopping på ein lokal marknad før me slo oss ned på ein hotellbar for å få tida til å gå fram til me skulle reise ut til flyplassen. Det kjentest utruleg merkelig å sitje i ein så flott hotellbar og drikke milkshake når me nokre få dagar før hadde budd hjå folk som omtrent budde i jordhytter. Ein tenkjer kanskje at forskjellane mellom Noreg og Tanzania er store, men det er også enormt store forskjellar innad i Tanzania. Det var interessant å sjå og erfare, og sjølv om me kanskje drakk milkshaken vår med ein liten klump i halsen medan me sende vertsfamiliane våre nokre tankar, trur eg det hjelpte oss enno meir å setje ting i perspektiv.

 

Alt i alt var turen fantastisk vellukka. Me lærte enormt mykje, både om oss sjølve og om prosjektet. Ein lærer så uendeleg mykje meir av å få erfare ting på ein så konkret måte, og den lærdommen og dei refleksjonane me har gjort oss vil me prøve vårt aller beste å vidareformidle til resten av skulen.